Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

1.3.6 A- og e-verb

Finn a-verba og e-verba i teksten nedanfor.

Til vanleg deler vi jorda inn i fire klimasoner. Vi snakkar om tropisk, subtropisk, temperert og polar sone. Temperatur og nedbør avgjer kva slags plantar som veks i ei klimasone. Ved ekvator er det tropisk klima. Her veks regnskogen. Nord og sør for regnskogen er det stepper der klimaet skiftar mellom regntid og tørketid. Dess lenger bort vi kjem frå ekvator, dess lenger varer tørketida. Når klimaet endrar seg, vert også plantelivet eit anna. I subtropane finn vi dei tørraste områda på jorda. Her er det mange ørkenar. Det regnar mindre enn 250 millimeter i året, og temperaturen svingar frå 50 varmegrader om dagen til om lag 0 grader om natta. Folk som bur i utkanten av ørkenar, må ikkje stelle jorda slik at ørkenen spreier seg.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies