Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

3.15.6 Kva teikn?

Skal setninga ha punktum, spørjeteikn eller ropeteikn til slutt?

a) Skal vi gå til høgre eller til venstre, skal tru

b) No kjem du hit med ein gong

c) Kor kjem du frå

d) Døra slo igjen etter han då han gjekk

e) Dette tøvet har eg rett og slett ikkje tid til

f) Dei heldt saman i tjukt og tynt

g) Barna var så ulike som natt og dag

h) Kva språk snakkar du

i) Vil du ha is eller kake

j) Ho blei køyrd til sjukhuset etter ei ulykke

k) Eg er einig i det du seier

l) Høyr her

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies