Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Samnorsk og rettskriving (sjå, undersøk og skriv)

10_Samnorsk og rettskrivning.jpg

Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB Scanpix

Sjå klippet om samnorskkampen:

«Rettskrivingslov og samnorsk», klipp fra NRK Skole 11.11.1987 (3:14)

  1. Kva var samnorsk, og når gjekk denne språkkampen føre seg?
  2. Kva var Øverlands argument mot samnorsk?
  3. Er du einig eller ueinig med Øverland? Grunngi svaret.

Valfridom i dag

  1. Bøy desse orda:
    • å tvinge
    • ein månad
    • eit medium
    • eit tema
    • å håpe

Skriv opp bøyingane. Samanlikn med det du finn på Nynorskordboka på nettet.

Var resultatet overraskande?


  1. Kva for nokre av desse orda er feil stava eller feilbøygde?

følelsar, teip, sjournalist, jus, appelsina, gryto, korfor, sjøl

Sjekk ordboka og samanlikn med svaret ditt.


Skriveoppdrag:

Presskriv i 5 min. om ei av overskriftene:

  • Nei til valfridom i språket!
  • Ja til valfridom i språket!

Kva argument brukte du? Diskuter i klassen.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies