Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Forsøksdyr – nødvendig for forskinga? (sjå, les og skriv)

10_Forsøksdyr.jpg

Foto: Henrik Fjørtoft/NTNU Komm.avd./Wikimedia Commons

May-Britt Moser fekk nobelprisen i medisin 2014, saman med ektemannen Edvard Moser. Dei forskar på hjernen for å finne ei behandling for den snikande sjukdommen alzheimer.

Sjå filmklippet og les artikkelen

«Forsøk med rottehjerner», NRK Skole 2.9.2007 (3:14)

«– Trist at Nobelprisen går til dyreforsøk» (artikkel fra Vikebladet 6.10.2014)


Spørsmål:

  1. Korleis trur du rotta i filmklippet har det? Trur du May-Britt når ho seier at ho ikkje har det vondt?
  2. Kva slags argument bruker Dyrevernalliansen mot dyreforsking? Lag ei liste.
  3. Kva er alzheimer? Trur du dyreforsøk er nødvendig for å kurere denne og andre livstrugande sjukdommar? Grunngi svaret.

Skriveoppdrag:

Skriv ein artikkel der du drøftar dyreforsøk. Kom inn på desse spørsmåla: Er det etisk rett av menneske å bruke dyr? Er menneske meir verde enn dyr? Kva er «nødvendig» bruk av dyr?

Gjer søk på Internett om emnet før du begynner å skrive. Set opp ei liste med for- og motargument.

Hugs kjeldeliste.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies