Skuleelevar frå Sandnes fortel, radioklipp frå NRK Skole. Fin til haldningar og debatt.
(Hopp evt. over den trege introen på ca. 20 sek. og introduser sjølv.)
Kva fekk du med deg?
- Kvifor ville Ivar Aasen skape eit norsk språk?
- Korleis gjekk han fram? Kvifor kunne han ikkje berre ta det gamalnorske språket frå før dansketida?
- Kvifor kan det vere vanskeleg å skrive nynorsk sjølv om ein snakkar dialekt?
- Og når levde Ivar Aasen? (høyr godt etter)
Diskuter:
Er nynorsk kult? Bør elevane i intervjuet skrive det? Grunngi svaret.