Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Filmlenke: Kvifor lese bøker? (ca. 07:00)

Frå Bokprogrammet med Hans Olav Brenner, 2008 (NRK Skole). Brenner intervjuer Bjørn Gabrielsen frå Dagens Næringsliv om å skrive bokspalta "På nattbordet" og om å melde bøker. Sjå fram til 2:21, 04:45 eller 07:00.

Spørsmål:

1. Kvifor les vi skjønnlitteratur? List opp noko av det som blei nemd i programmet, og føy til dykkar eigne argument.

2. Har lesing noko med status og ulike miljø å gjere, slik Bjørn Gabrielsen er inne på? Diskuter erfaringar i klassen. Er bøker meir "verde" enn t.d. film og dataspel? Kvifor?

3. Bjørn Gabrielsen blir skuffa over at folk liker bestsljarar som "Drageløperen" av Khalid Hosseini. Kvifor blir han det? Kva synest de om den haldninga?

4. "Lesing er viktig, skulen spelar ikkje noka rolle", seier Bjørn Gabrielsen. I kva grad har han rett?

Oppgåver:

1. Lag klassens "På nattbordet"-spalte (intervju kvarandre to og to). De kan vere dykk sjølve, ein kjendis (artist, sportsutøvar, politikar) eller historiske personar som Camilla Collett, Henrik Ibsen eller Bjørnstjerne Bjørnson. Hugs å gjere research først, dersom de ikkje skal vere dykk sjølve.

2. Lag paneldebatt i klassen med temaet "Bøker - gamaldags og bortkasta tid?" Gå saman i grupper, bruk gjerne roller som i oppgåva ovanfor. Øv på argument før de framfører.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies