Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Filmlenke: Camilla Collett og "Amtmandens døtre" (7:06)

Dramatisering med Anneke von der Lippe. Også med livshistoria og Wergeland/Welhaven. Frå NRK Skole, tittel "Fire stemmer - Camilla Collett", laga til stemmerettsjubileet i 2013.

Teksten "Camillas lange netter" på s. 148 i Leseboka går direkte på problematikken anonymitet, som er ein viktig tråd i klippet.

Oppgåver:

  1. Korleis var oppveksten til Camillas?
  2. Kva var tilknytinga mellom Wergeland – Collett – Welhaven?
  3. Korleis var forholdet mellom Camilla og ektemannen Jonas Collett?
  4. Kvifor var det så vanskeleg for henne å klare seg etter at mannen var død?
  5. Kvifor ville ikkje Camilla utgi "Amtmandens døter" under sitt eige namn?
  6. Finst det nokon Camilla Collett i dag? Kven?

Skriveoppgåve:

  1. Førestill deg at du er Camilla Collett, og at Jonas nettopp er død. Skriv eit dagboksnotat, eller eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson.
  2. Du er ein av byens beste borgarar, og er forarga over samfunnskritikken som kjem fram i "Amtmandens døtre". Skriv eit lesarinnlegg i Morgenbladet der du kritiserer boka.
  3. På s. 187 i Grunnboka står det at Camilla skreiv eit brev til venninna si om forholdet til Welhaven. Kvifor blei det ikkje noko av? Korleis er ho komen over kjærleikssorga? Skriv brevet.
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies