Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Opplysningstida

opplysningstid_2.jpg

På byrjinga av 1700-talet oppstår ein ny epoke som vi kallar opplysningstida. Idealet er no å dyrkje den menneskelege fornufta. Kunnskap og opplysning skal gjere alle menneske i stand til å tre ut av den mørke kunnskapsløysa.

Det er særleg i Frankrike og England at desse ideane slår igjennom. Men norske prestar og embetsmenn lar seg inspirere til å skildre landskap og folkeliv i Noreg, ikkje som Petter Dass ved hjelp av dikting, men sakleg og vitskapleg.

«Norske Selskab» i København, med Johan Nordahl Brun som ein av frontfigurane, var dessutan opptatt av nye tankar som nasjonal fridom og folkestyre i Noreg.

Test deg sjølv.

Kor mykje fekk du med deg av det du nett las?

1. Når oppstod opplysningstida?

2. Kva var folk opptekne av i opplysningstida?

3. Korleis lot norske prestar og embetsmenn seg inspirere av tankane frå opplysningstida?

4. Kven var Johan Nordahl Brun?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies