Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Petter Dass

petter_dass.jpg

Fleire av dei mest kjende salmediktarane våre skreiv i barokken. Petter Dass er ein av dei. Han vart fødd på Helgelandskysten og arbeidde som sokneprest på Alstahaug.

Petter Dass var oppteken av å lære vanlege folk om kristendommen. Katekismen til Martin Luther er ein lang, religiøs tekst som er vanskeleg å lære utanåt. Dass laga melodi og vers til katekismen, slik at ho vart lettare å hugse. Dermed kunne vanlege folk bli kjende med den lutherske kristendommen. Sjølv dei som ikkje kunne lese eller ikkje hadde råd til dyre bøker, kunne lære seg salmane til Petter Dass utanboks.

Petter Dass skreiv òg ei bok om landsdelen sin, «Nordlands trompet». Den blir rekna som hovudverket hans. Her skildrar Dass den mektige naturen og det barske og godlynte folket i Nordland. Han skildrar dyrelivet, vêrtilhøva og næringsverksemder i landsdelen. Han skriv om havet i storm, han fortel om forlis og drukna menneske.

Det blir òg fortalt at når nordlendingane drog til Bergen for å selje fisk, kjøpte dei med seg «Herr-Petter-dikt». Mange år etter at Petter Dass døydde, hadde båtar frå Nordland sørgjeband i mastene.

Test deg sjølv.

Test kor mykje du har fått med deg av det du nett har lese.

1. Kor vart Petter Dass fødd?

2. Kva fekk det å seie at Petter Dass skreiv katekisma til Luther på vers?

3. Hva er det viktigaste diktverket til Petter Dass?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies