Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Kva forteljarstemme er brukt her?

mallard.png

Både romanar og noveller er forteljingar. Romanar er lange forteljingar og noveller korte. I ei forteljing er det alltid ein forteljar. Dei to vanlegaste måtene å fortelje på er å bruke ein eg-forteljar eller ein tredjeperson-forteljar.

Ein eg-forteljar er ofte ein av hovudpersonane i teksten. Eg-personen fortel da historia frå «innsida» og tek del i handlinga.

Ein tredjeperson-forteljar er ein som betraktar handlinga utanfrå, og som skildrar alt og alle for oss.

Velg riktige svar.

Klarer du å sjå kva slags forteljar som er brukt i dei neste døma?

«Tredje dagen ville Askeladden i veg. 'Ja, du!', sa dei to eldste, 'du skal vel klare det, du som aldri har vore utom stovedøra!'»

1. Kva for ein forteljar har vi å gjere med her?

«Det var ein varm dag på stranda. Ikkje eit vindpust å kjenne, og kjølande skugge frå skyene var heilt fråverande.»

2. Kva for ein forteljar har vi å gjere med her?

«Gym var det einaste faget eg likte. Eg var ein av dei beste i klassen i fotball, dødball og kanonball. Heilt til vi fekk herr Karlsen.»

3. Kva for ein forteljar har vi å gjere med her?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies