Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Språihistorie 1940–60

10_maalstriden_arnulf oeverland.jpg

Arnulf Øverland i arbeidsværelset sitt. CC - Leif Ørnelund/Oslo museum

I tida rett etter 2. verdskrigen var fire av fem nordmenn for å slå saman dei to skriftspråka, rett nok helst med bokmålet som utgangspunkt.

Men ikkje alle likte tanken om ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål. Formannen i Riksmålsforbundet, Arnulf Øverland, var fortvilt over alle tilnærmingsformene i bokmålet. Bokmålet hadde ingen eigen litteratur, meinte han. Ingen kunne dessutan snakke språket, og ingen kunne skrive det.

Foreldre i Oslo skipa «Foreldreaksjonen mot samnorsk». Skolebøker vart retta av sinte foreldre, og bøker vart brende på bål fleire stader. Resultatet av protestane vart at rettskrivingsreforma frå 1938 vart moderert. I 1959 kom ein ny læreboknormal.

Test deg sjølv

Kor mykje har du fått med deg av det du har lese? Test deg sjølv.

1. Kva meinte folk flest det var best å gjere med skriftspråket i åra etter 2. verdskrigen?

2. Kven var formann i Riksmålsforbundet i 1949?

3. Kvifor var han imot bokmålet?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies