Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Språkhistorie 1900–40

1900-1940.png

Etter oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 vart striden stadig hardare mellom dei som kjempa for landsmål (det vi i dag kallar nynorsk) og dei som ønskte riksmål (eit meir dansk-klingande skriftmål enn dagens bokmål). Målstriden vart på mange måtar ein konflikt mellom land og by, bønder og embetsmenn.

Landsmålet hadde stor framgang i skulane og i kyrkja, og det uroa riksmålstilhengjarane. Det nye testamentet hadde vorte omsett til landsmål i 1899, og fleire dagsaviser på landsmål såg dagens lys.

På eit landsmålskurs på Elverum i 1908 vart det lagt ein plan for korleis dei to skriftspråka kunne nærme seg kvarandre. Møtedeltakarane meinte at ingen av partane var tente med målstriden, og gjorde framlegg om ein del endringar i rettskrivinga som gjaldt ord og uttrykk som var felles for dei to skriftspråka.

I tida fram til 1917 ønskte styresmaktene at Noreg skulle ha eitt felles skriftspråk, og mange komitear vart oppnemnde for å arbeide med dette.

I 1930-åra heldt styresmaktene fram med tilnærminga mellom nynorsken og bokmålet. Her lå kimen til «samnorsken», ei blanding av dei to målformene.

Test deg sjølv

Kor mykje har du fått med deg av det du har lese?

1. Kva innverknad hadde oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 på den norske målstriden?

2. Kva hende på landsmålskurset på Elverum i 1908?

3. Kva arbeidde norske styresmakter med i tida fram til 1917?

4. Kva hende utover 30-talet?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies