Unge frå innvandrarbydelar har ein heilt eigen språkleg sjargong. Tonefallet er litt stakkato, litt røffare enn i vanleg norsk dagligtale. Ein droppar småord for å effektivisere, hokjønns- og inkjekjønnsord blir ofte hankjønn, og verbet står feil i forhold til "vanleg" norsk. Samtidig bruker ein mange lånord frå andre språk, blant anna engelsk, spansk, kurdisk og arabisk.
Denne talemåten skuldast ikkje at ungdommen strevar med å snakke norsk. Tvert imot kan dei veksle mellom sjargongen og "vanleg norsk", viser forsking. Som all annan sjargong er dette ein lek med språket for å markere identitet og gruppetilhøyrsle. Mange etnisk norske ungdommar har også adoptert talemåten, og forskarane meiner ein ny sosiolekt er i ferd med å vekse fram på tvers av etniske skiljelinjer.
I Noreg blir denne sjargongen litt sleivete kalla for «kebabnorsk». Språkforskarane vil heller bruke omgrepet «multi-etnolekt».