Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Inn i eit nytt hundreår

10_forhistorie_streik_400.jpg

Theodor Kittelsen: Streik, 1879. Legg merke til korleis arbeidarane er målai skuggen til venstre. (Foto: O. Væring)

7. juni 1905 vedtek Stortinget at unionen med Sverige er oppløyst. Noreg er no eit sjølv-stendig land og i endring frå bondesamfunn til industrisamfunn.

Nye samfunnsklassar veks fram på slutten av 1800-talet: industriarbeidarane og fabrikkeigarane. Arbeidarane krev at dei skal få meir igjen for slitet i fabrikkane, og organiserer seg for å få gjennomslag for krava sine om betre arbeidstilhøve og høgare lønn.

Nokre av krava vert etter kvart innfridde. I 1915 kjem lova om ti timars arbeidsdag. Åttetimarsdagen og retten til ei vekes ferie med lønn vert innførde i 1919. Arbeidarane får òg rett til å motta pengar frå staten når dei vert sjuke.



Test deg sjølv.

Kva har du fått med deg av det du nett las?

1. Når vedtok Stortinget at unionen med Sverige var oppløyst?

2. Korleis utvikla det norske samfunnet seg i tida rundt unionsoppløysinga?

3. Kvifor organiserer arbeidarane seg på slutten av 1800-talet?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies