Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Det nasjonale gjennombrotet

saga_1840-1870.png

Tidemand og Gude: Brudeferd i Hardanger, 1848, Nasjonalgalleriet (Wikimedia Commons)

Les teksten.

I 1840 og 1850-åra oppstod det «nasjonale gjennombrotet». Folk lovpriste den norske grunnloven, og det voks fram eit nytt medvit om Noreg som sjølvstendig nasjon.

Mange blei interessert i folkedikting og bondekultur. Der kunne ein finne det ekte norske, meinte dei. Asbjørnsen og Moe begynte å samle inn norske folkeeventyr og gi dei ut i bokform. Andre kjende kunstnarar frå perioden er målarane Tidemand og Gude, komponisten Edvard Grieg og fiolinisten Ole Bull.

Test kor mykje du fekk med deg av det du nettopp las.

1. Kva er det nasjonale gjennombrotet i Noreg?

2. Når oppstod det nasjonale gjennombrotet?

3. Kva slags «skjulte nasjonalskattar» blei oppdaga i denne perioden?

4. Kva kjende biletkunstarar har vi frå denne perioden?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies