Sagaserien gir deg

• få komponentar
• enda større vekt på grunnleggjande ferdigheiter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukarvennlege bøker
• fokus på fl eire teksttypar
• meir sakprosa
• fleire norske og nordiske tekstar
• enda fleire og betre oppgåver

Sagaserien består av

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråkleg lesebok per trinn som følgjer strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneheld også oppgåver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følgjer eleven gjennom
  heile ungdomsskulen
• lærarrettleiing på nettet og i papirutgåve
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan brukast på interaktive tavler, pc og nettbrett

Menneskesinnet

saga_Menneskesinnet.png

Friedrich Nietzsche

Nyromantikarane var ikkje så interesserte i samfunnet. Dei var meir opptekne av kjensler og psykologi, og mange følte at livet var meiningslaust.


Den tyske filosofen Friedrich Nietzsche lanserte slagordet «Gud er død». Det moderne mennesket trong ikkje kristen moral, men tru på seg sjølv og sine eigne evner, hevda han. Nietzsche trudde på det sterke mennesket, «overmennesket».


Knut Hamsun meinte òg at kvart menneske var overlate til seg sjølv. Han syntest ikkje litteraturen skulle løyse samfunnsproblem. I 1890 skreiv han eit føredrag der han kritiserte eldre forfattarar som Henrik Ibsen og Alexander Kielland. For Hamsun var den realistiske diktinga «puslete» og uinteressant. Det som interesserte han, var menneskesinnet.

Kva fekk du med deg av innhaldet i teksten du nettopp las?

1. Kva slagord lanserte den tyske filosofen Friedrich Nietzsche?

2. Kva meiner Nietzsche vi skal tru på i staden for Gud?

3. Kva oppgåve mente Hamsun at litteraturen hadde?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies